Denne helga er det Veidekkelekene på Stampesletta på Lillehammer. Eit av dei største friidrettsstemna i landet for aldersbestemte utøvarar.

På plass frå vårt område er Malin Riise Gran (16) frå Stryn T og IL og 13 åringane Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden IL og Maja Fuglestrand Baade frå Loen IL. Dei to yngste har vore i sving og markerte seg til dei grader.

Baade tok ein overlegen siger i spyd. Med kastet på 34,74 meter var ho nesten 12,5 meter lenger enn nummer to. Ho har også tidlegare i år markert seg i kastøvingar og fekk i byrjinga av månaden delta i NM i snøballkast på Bislett i samband med friidrettsstemnet der, og gjekk også då heilt til topps på pallen.

Eide Gjerde slo til med eit knalløp på 60-meter og vann klart med 7,96 føre Oliver Charles Walvåg frå Strindheim på 8,16.

I lengde søndag føremiddag slo han til med endå ein siger. Denne gong i lengde. Med 5,19 meter var han suveren vinnar i klassen, 48 cm føre Emil Vestre frå Ranheim.

Gjerde Eide har sjanse til å klatre til topps på sigerspallen ein tredje gong denne helga, når han skal ut å springe 100 meter ca kl 16.00. Omtrent samstundes skal Riise Gran springe 100-meter.