Sommarles byrja 1. juni.

– Til no har 351 born, over 50 prosent av borna i grunnskulen i Stryn, meldt seg på. Gledeleg er det å sjå at det er om lag like mange gutar som jenter som er med. 45 prosent er gutar, seier biblioteksjefen.

Borna har til no lese over 173.000 sider fordelt på 1.900 bøker.

– Til samanlikning vart det lest 138.000 sider i heile fjor sommar,noko vi også syntest var kjempebra! seier Kristin Hatledal.

Stryn har best sommarlesoppslutnad i heile fylket.

– Oppslutnaden i prosent i høve til elevgrunnlaget er også nest best i fylket. Dette er gledeleg fordi det ofte er dei største kommunane som kan ha vanskar med å få prosentvis best oppslutnad, og Stryn er ein av dei kommunane med flest barn i grunnskulealder, seier Hatledal.

Besøkt alle skulane

– Kvifor så stor auke i år?

– Det er nok fleire grunnar til at oppslutnaden har auka så mykje i år. I år er Sommarles digitalt. Ein kan registrere seg på sommarles.no, og der kan ein registrere bøker, lese ei eiga forteljing der det kjem eit nytt kapittel kvar veke, spele sommarlesspelet, løyse oppgåver, sette inn kodeord som ein finn på biblioteket og følgje venene sine, forklarer Kristin Hatledal.

Biliotekstaben har også vore rundt til skulane og besøkt alle klassar for å informere om Sommarles.

– I tillegg har vi hatt god hjelp av lærarar som har delt ut informasjon. Alt dette trur vi har vore viktig for den gode oppslutnaden i år.

Premiar etter kvart

– I tillegg er slik i år at ein får premiar etter kvart som ein kjem opp på eit nytt nivå. På nivå 10, 20 og 30 kan ein kome på biblioteket og hente seg ein premie. På Sommarles.no oppnår ein også digitale trofé, fortel biblioteksjefen, som trur dette òg har vore motiverande.

– Vi ser at det allereie er nokon som er komne på nivå 30 i Sommarles, lenge før sommaren er slutt. Difor har vi bestemt å kjøpe inn litt andre premiar slik at dei som kjem på nivå 40 og 50 kan kome på biblioteket og hente seg ekstra premie i år, seier Kristin Hatledal, som legg til at det framleis ikkje er for seint å melde seg på Sommarles.