Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden IL slo til med sin tredje siger under Veidekkelekene på Lillehammer.

Etter to overbevisande sigrar tidlegare i helga, på 60 meter og lengde, var ikkje sigeren på 100 meter mindre suveren. Den raske 13-åringen frå Olden IL slo til med 12,36 i finalen og var eit lite hav føre nummer to, Oliver Charles Walvåg, som fekk tida 13,01. Tida til Eide Gjerde er berre 12 hundredel frå stemnerekorden.

- Dette var andre gongen eg sprang ein 100 meter, og det var pers. Sist sprang eg på 12,52, fortel 13-åringen.

Han fortel at han har halde på med friidrett ei stund, men at han har hatt stor framgong på friidrettsbana denne sesongen.

- Eg har trena mykje og vore med i mange stemne, er forklaringa til ungguten som blir trena av Sondre Guddal Muri og Hans Petter Galtung.

Strynejenta Malin Riise Gran stilte til start på 100 meter i klassen jenter 16 år. Ho fekk dessverre ein strekk etter berre 15 meter og måtte avbryte løpet.