Etter utgreiingar, spekulasjonar og tautrekking «nærast gjennom generasjonar» som ministeren formulerte seg, er endeleg avgjerda tatt: Det skal byggast ny tunnel, omlag 16,6 km lang, frå Skåre til Breidalen. Altså omlag frå der stigninga på Strynefjellet startar for alvor, til like forbi dagens kryss mot Geiranger.

- Det einaste rette

Konseptvalutgreiingar, kvalitetssikringsrapportar og kva det no kallast alt saman: Solvik-Olsen seier at der berre finst ei gangbar løysing, etter å ha sett på saka frå alle vinklar mange, mange gongar.

- B1-alternativet gir raskare reisetid, tryggare veg, betre dynamikk for samfunna kring vegen, og ikkje minst vil det vere ei god løysing for næringslivet som soknar til Rv 15. Løysinga har moderat stigning, noko som er viktig for all næringstransporten. Ei oppgradering av eksisterande tunellar ville blitt svært vanskeleg å leve med for alle som brukar vegen. Dette er ei løysing som folk frå nær sagt alle parti kan stille seg bak, og som dermed vil kunne gå gjennom i Stortinget.

Mange møtte fram: Politiske kompansjongar, reiseliv, transportnæring og mange andre som har jobba aktivt for å få til ei fornuftig ny vegløysing over Strynefjellet var nærast samla til utandørs høgmesse ved Langvatn på Strynefjellet, då Ketil Solvik-Olsen søndag slapp nyheita om den framtidige Strynefjellsvegen.

Mogeleg arm til Geiranger

I planen ligg det opning for å bygge arm til Geiranger. Vegen dit er og vil vere fylkesveg, så det vil vere opp til Møre og Romsdal fylkeskommune om dei vel å bygge denne armen. Resten av vegen er riksveg, med løyvingar frå Stortinget.

Enno langt fram

Om vegløysinga er vedtatt, er det enno langt fram før vegen er ferdig bygd.

- No er avgjerda tatt om kva vegløysing vi skal ha. Statens Vegvesen får i oppdrag å arbeide vidare med planene. I mellomtida må politikarane, både lokalt og på Stortinget, stå for naudsynte pengeløyvingar. No er Rv 15 Strynefjellet i posisjon til å kome inn på Nasjonal Transportplan (NTP). Det er prioriteringane i den som avgjer når vegen faktisk vert bygd.

Neste revisjon av NTP vert gjort i 2019/2020, følgd av vedtak i Stortinget i juni 2021. Det betyr tidlegaste oppstart for ny tunnel i 2022, vel å merke om det er fleirtal for å prioritere ny Strynefjellstunnel i øvste sjiktet av alle samferdsleprosjekta som står i kø.

- Eg veit at vegen hastar. Difor er det godt å få gitt dette svaret, konstaterer Ketil Solvik-Olsen.