Interne bekymringsmeldingar som NRK har fått tilgang til viser fleire problemstillingar i politiet: Alvorleg underbemanning blant juristane, mange jobbar seg sjuke, grove saker blir liggjande over eitt år og ferdig etterforska saker blir liggjande urørt.

Ei av bekymringsmeldingane NRK har fått tilgang til gjeld Aust politidistrikt der tre juristar i ein periode måtte fylle sju stillingar. Der blir det blant anna omtalt ei ubehandla oppmoding om besøksforbod, der ein valdsdømt mann med rusproblem hadde sendt truslar til ei kvinne i form av bilde av ein pistol og kvinna med eit kulehol i panna.

– Dette hadde mildt sagt vore ille for politidistrikt Aust om denne kvinna vart drepen i denne perioden utan at politiet hadde tatt tak i saka på noko vis, skriv juristane.

Sverre Bromander, leiar for fagforeininga Politijuristane i Juristforbundet som representerer over 1.000 juristar, bekreftar situasjonen.

– Det er krise, og på mange måtar ei varsla krise. Tilnærma kvar gong vi snakkar med tillitsvalde får vi høyre at det ikkje ser bra ut. Alle politidistrikta har det vanskeleg, seier han til NRK.

(©NPK)