Knut Ulvedal tek over som energisjef ved Stryn energi når Jan Træen går av med pensjon 1. august. Dette er ei stilling som også innber ansvaret for den daglege drifta av bedrifta.

Ulvedal vil då ta over for Træen i rolla som dagleg leiar, eller energisjef, med oppgåvene og utfordringane dette fører med seg.

– Det er andre utfordringar ein står ovanfor no, kontra for 20 år sidan. No er det forventa at ein har 100 prosent oppetid på straumnettet, sjølv midt på natta. Forventningane til energiselskapa er mykje høgare enn tidlegare, fortel Jan Træen.

Store sko å fylle

– Det er klat at Jan sine sko er store å fylle, men eg har mange dyktige folk rundt meg, så eg gler meg til å ta fatt på stillinga. Det vert både spennande og utfordrande, seier Ulvedal.

– Der vil ikkje skje nokon revolusjonerande endringar med meg som leiar. Jan har lagt eit svært godt grunnlag, og vi må berre halde fram å byggje på dette, seier han.

Det er ein ting både Ulvedal og Træen legg særskilt vekt på, og det er arbeidsmiljøet i bedrifta.

– Vi har ein kjempe dyktig stab, med svært godt miljø her. Vi må halde fram med å ha arbeidsglede som eit fokusområde. Vi har det godt her, og det er dei tilsette si ære, seier Ulvedal.

– Ufordrande å vere leiar

Træen kan fortelje at det ikkje alltid er like enkelt å vere leiar, og at der alltid vil vere utfordringar å ta omsyn til.

– Det er utfordrande å ha tid til å vere leiar no for tida. Ein har mange å ta omsyn til, gjennom media og politikarar, og ikkje minst dei tilsette, som ein må ha tid til å sjå og ta vare på, seier han.

I tillegg til dette har bransjen vore gjennom ei endring dei seinare åra, og han seier at det er viktig å gripe moglegheitene dette gir dei.

– Det er viktig å ha endringsvilje og vere tilpasninsdyktige. Det vil alltid vere behageleg å gjere akkurat som før, men det er viktig å gripe moglegheitene ein har for vekst, seier han.

1. august tek Ulvedal over for Træen, men før han trer av, og overlét stafettpinnen til neste mann, er det ein ting Træen er rimeleg sikker på.

– Eg har aldri kjeda med ein dag på jobb, og eg trur ikkje Knut kjem til å gjere det heller.