Det er bankane Nordea og Santander som førebels har tatt i bruk nye Apple Pay gjennom eigen app. Nordea har lansert sin Nordea Wallet og den nyttast med mobiltelefonen eller via Apple Watch.
– Mobilbetaling blir no enkelt, raskt og sikkert i ein global betalingsløysing. Eg er sikker på at dette vil gjere kvardagen enklare for veldig mange, seier rådgjevar i Nordea, avdeling Stryn, Anne-Siv Jevnehagen.
Du treng altså ingen kode, ingen kort eller kontantar og det er heller ingen beløpsgrense knytt til bruken.
– Ein legg ganske enkelt mobilen over betalingsterminalen og gjennomfører transaksjonen med fingeravtrykket. Du kan og ha fleire ulike betalingskort i den digitale lommeboka å velje frå, forklarar ho.
Det er visse føresetnadar for å ta i bruk Apple Pay. Du må nemleg ha iPhone og i skrivande stund ha konto i anten Nordea eller Santander.
Butikken, restauranten eller bensinstasjonen du handlar i må ha såkalla kontaktlaus betalingsterminal, slik mange alt har.
– Vi liker å vere tidleg ute med ny teknologi. Nordea kundar i Sverige, Finland og Danmark tok i bruk Apple Pay allereie i fjor og erfaringane er veldig gode. Eg trur mange blir positivt overraska over kor enkelt dette faktisk er, seier Jevnehagen.