Møre og Romsdal fylkeskommune er også tungt inne på finansieringssida i prosjektet som Sykkylven Næringsutvikling står bak.

Designvegen er sagt å skulle vere ei annleis reiselivssatsing med fokus på opplevingar langs fv 60 frå Sykkylven til Volda og Stryn. Satsinga skal promotere opplevingar, tilbod og tenester, samt eit opplevings- og besøksverdig næringsliv langs heile ruta.

– Du skal kunne besøke gardar, museum, bedrifter, finne eteplassar og overnatting, delta i aktivitetar, bruke den flotte naturen til fjellturar, sykling og fisking - for å nemne nokre av fokusområda, skriv Sykkylven næringsutvikling i ei pressemelding. Det vert også understreka at Designvegen skal vere eit heilårs turisttilbod der ein spelar på dei godt tilrettelagde skiløypene og alpinbakkane i området.

No startar arbeidet med å tilsette prosjektleiar og etablering av ei styringsgruppe. Sistnemnde skal vere sett saman av representantar frå dei ulke kommunane i prosjektet.