Eit kraftig redusert Stryn tapte toppkampen i 3. divisjon for damer mot Kaupanger 2 måndag.

Trenar Halvard Bøe måtte klare seg utan fleire av sine faste spelarar til bortekampen mot Kaupanger 2, då spelarar som kaptein Astrid Bjørke, Kaisa Wemby, Anna Johannsdottir og Katrin Oppheim alle var utilgjengelege grunna skade, ferie eller jobb.

Allereie etter eitt kvarter stod det 3-0 til sogningane. 1-0 kom etter seks minutt. Eit langt framspel ekspederte ein Kaupangerspelar i mål med to stryneforsvararar på hjul. 2-0 kom berre to minutt seinare, då ein corner sneik seg rett i mål ved fremste stolpe. 3-0 kom også etter ein corner, og Stryn greidde ikkje å avklare etter litt fram og tilbake inne i feltet. Dermed var i realiteten kampen køyrd for Stryn, som likevel heva seg litt i andre omgang og slapp berre heimelaget til med ei scoring. Sjølv hadde dei også eit stolpeskot.

– Vi mangla seks spelarar som normalt ville starta kampen, og vi reiste med berre 12 spelarar. To av dei har ikkje trena med oss denne sesongen. Vi fekk tidleg to skader, og ein av spelarane måtte spele med strekk det meste av kampen. Men vi møtte eit veldig godt lag og blir rundspelt. Vi er fornøgde med å begrense tapet til fire mål, seier Halvard Bøe, som særleg berømmer innsatsen til Joanna Øvre-Flo som spelte sin første seniorkamp.

– Ho spelte ein veldig god kamp og er truleg den strynespelaren som spring mest i kampen, rosar Bøe.

Allereie onsdag blir det ny tur til Sogn for Stryn når Sogndal står for tur.

- Ein ny vanskeleg kamp, seier Bøe, som også til dette oppgjeret må klare seg utan fleire av dei faste spelarane.