I samband med rigginga av nye Volda vert det jobba med kulturbygging på tvers av kommunegrensa.

Odd Harald Sundal frå Volda Sp er leiar for temakomitéen, og han orienterte i sist fellesnemndmøte om arbeidet så langt. Han kunne fortelje at ved å sjå til Inderøy kommune hadde dei fått mange gode tips. Målet er å byggje felles identitet og samhald mellom Hornindal og Volda, og ungdom er ei gruppe dei særleg ønskjer å engasjere.

Av konkrete tiltak kunne Sundal nemne designkonkurranse på mellomsteget, der det skal lagast ein vennebenk. Denne skal plasserast ut i Volda og Hornindal. Vidare skal det avviklast ungdomskonsert og familiearrangement. Det skal vidare lysast ut 70.000 kr i kulturbyggingsmidlar, som skal bidra til felles aktivitet på tvers av alder og bygdelag.