Statens vegvesen har tildelt Stryn kommune inntil 290.000 kroner til veglys i Vikalida. Desse midlane vil gå til å setje opp samanhengande lys på strekninga.

– Det er veldig kjekt at kommunen fekk tilskotet. Det er positivt at ein no skal få laga til samanhengande veglys på denne strekninga, seier driftsingeniør i Stryn kommune, Tor Guddal.

Gå- og sykkelstrategi

Midlane blir tildelt gjennom gå- og sykkelstrategien for Sogn og Fjordane, som ein del av Regional transportplan for 2018-2027. Målet med denne strategien er å få auka talet på reiser til fots eller sykkel, og få fleire til å gå eller sykle til og frå skule og jobb.

Arbeidet som skal gjerast for å få satt opp veglysa er allereie satt i gang, og ifølgje Guddal har ein håp om å få etablert lysa i løpet av september.

– Vi har allereie snakka med grunneigarane om å få hogge ned skog for å få satt opp kablane, som vil kome på oppsida av vegen. I tillegg til dette har vi vore i kontakt med Stryn Energi rundt arbeidet som skal bli gjort, seier Guddal.

Auka trafikktryggleik

Denne vegen har stått på første plass på prioriteringslista over tiltak på kommunal veg, og no har Stryn kommune fått tildelt midlar for å starte opp arbeidet.

– Ei slik etablering vil auke trafikktryggleiken langs denne vegen, i tillegg til auka trivsel med å ferdast her i mørketida av året, heiter det i søknaden.

På grunn av den slake stigninga/fallet og utsikta ein får langs denne vegen er den mykje nytta av både turgåarar, syklistar og rulleskiløparar, noko som var eit av argumenta som blei nytta av kommunen gjennom sin søknad. No er det håp om at lysa skal gjere det enda tryggare å ferdast i Vikalida.