– Eg har aldri sett revebjølle med kvite blomar, seier Oddvar Auflem og peikar på den einslege kvite representanten av fylkesblomen for Sogn og Fjordane.

– Eg gjekk landbruksskulen på Langvin. Eg studerer naturen og plantelivet der eg er. Eg har aldri sett noko liknande og har aldri høyrt om kvite, viltveksande revebjøller, fortel Auflem.

Vi ruslar rundt på garden som ligg høgt oppe i lia i Olden, og ser mange revebjøller med den karakteristiske raude fargen. Desse står gjerne fleire nære kvarandre, men «albinoen» står heilt åleine.

Revebjølle er Sogn og Fjordane sin fylkesblome. På fylkeskommunen si nettside er revebjølle beskrive som ei plante med raudfiolette blomar som liknar fingerbøl. Ein link frå fylkeskommunen går til Naturhistorisk museum der ein kan lese om blomen. Fargen er skildra som raudfiolett. Vi spør førstekonsulent ved Naturhistorisk museum, Gry Ekrem, om det er vanleg at viltveksande revebjølle har kvite blomar.

– Eg trur det er ganske vanleg, seier Ekrem, men lovar å sjekke dette. Ekrem fortel i ein e-post at ho har spurd fleire botanikarar utan å få ekstakt svar på kvifor nokre revebjøller får kvite og rosa blomar. Ho skriv at fargeavviket truleg skuldast ein mutasjon eller innblanding frå hageplantar.

– Dersom eg skulle få ei forklaring på kvifor dei er kvite, frå ein av botanikarane, sender eg det med ein gong, skriv førstekonsulent Gry Ekrem.

Nettsidene til Naturhistorisk museum forklarer at det vitskapelege namnet er Digitallis purpurea. Purpurea syner til den purpurraude blomen. Nettinformasjonen seier at blomane kan vere heilt kvite.

Ifølgje Wikipedia er revebjølle ein relativt kortlevd plante i maskeblomefamilien. Nettstaden skildrar blomane som purpurraude, men skriv at i somme populasjonar finst plantar med kvite og rosa blomar. Forklaringa i Wikipedia er at dette skjer som følgje av innblanding av hagerømlingar.

Revebjølle er ein typisk kystplante som er mest utbreidd frå Agder til Trøndelag. Ifølgje helsenorge.no finn ein sjeldan revebjølle med kvite blomar. Nettstaden oppmodar om å kontakte Giftinformasjonen dersom born har fått i seg delar av planten.

Forklaring på den kvite fargen på blomen

Universitetslektor på avdeling for Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, Marit Grønbech, forklarar kvifor nokre revebjølle-blomar avvik i fargen.

– Dette er ikkje spesielt vanleg, men det skjer av og til at planten kjem med kvite blomar. Kvitfargen skuldast ei endring i arvestoffet som gjer at den ikkje lenger dannar rosa pigment. Dette kallast for albino form. Blomefargen skuldast ein kombinasjon av fleire genar og kan heilt naturleg gje plantar med ulike fargar på både blome og på flekkane inne i blomen. Dei fleste revebjøllene er purpurraude/mørk rosa med mørke flekkar. Andre er kvite med mørke flekkar eller har lys rosa blomar ved liten pigmentproduksjon.

Flekkane inne i blomen skal vise humler og bier vegen til nektaren slik at blomen vert pollinert. Eg vil difor tru at plantar med lyse flekkar får sjeldnare besøk av humler og bier, og dermed færre frø som kan gje opphav til nye plantar.

Revebjølle er ein toåring plante, den får bladrosett første året, blømer det andre året og så døyr den. Den er difor heilt avhengig av å produsere frø for å leve vidare, skriv Grønbech.

Det veks mykje revebjølle på garden hos Oddvar Auflem, og alle dei andre med den karakteristiske raude fargen på blomane. Foto: Anne-Mari Aalberg
Revebjølleblomane på planten hos Oddvar Auflem er heilt kvite utan innslag av andre fargar. Foto: Anne-Mari Aalberg