Manglande toalettilbod for turistar har vore eit problem fleire stader i landet. I Kjenndalen var trongen så stor at Loen reiselivslag tok saka i eigne hender.

Arbeidet med å få på plass toaletta har skjedd på dugnad, og prosjektleiar Jan Ove Hogrenning kan fortelje at den løysinga dei har fått til i Kjenndalen er like god som mange andre, men samtidig er den antakeleg billigare.

– Vi har tredobla parkeringsplassen, noko vi verkeleg trong. Dette, saman med utgiftene med reising av toaletta hadde ein kostnad på rundt 230.000 kroner, noko som er mykje billigare enn kva som har blitt gjort andre stader, seier Hogrenning.

For å dekkje kostnadane har Loen reiselivslag også fått stønad frå Sameiget Kjenndal Grunneigarlag, som har finansiert den knuste asfalten på parkeringsplassen, og Miljødirektoratet.

– Alt saman har vore eit stort spleiselag, mellom Reiselivslaget og Grunneigarlaget. Også fekk vi stønad frå Miljødirektoratet i tillegg, seier Hogrenning.

Les meir i papiravisa på tysdag.