Strengeplukk (tidlegare også med Felegnukk i namnet) er eit bluegrassband med utspring i studentmiljøet i Stavanger. Saman byrja stryningen Nikolai Storevik (fele), Jakob Folke Ossum (gitar) og Andreas Barsnes Onarheim (mandolin) å utforske bluegrass. Etter kvart fekk dei også Thorbjørn Bilstad Olsen på banjo og Lasse Gjestrud på bass på laget (sistnemnde seinare erstatta av lærdølen Vidar Starheimsæter).

Bandet har vore mykje i aktivitet i Stavanger-området, men har også hatt spelejobbar frå Svalbard til Praha, og ikkje minst på den største bluegrass-festivalen i Europa, European World of Bluegrass i Nederland, den største bluegrassfestivalen i Europa, og andre festivalar. Måndag legg dei ut på sommarturné, med Stryn Vertshus som første stopp.

Bandet slapp ein EP i 2016 og har no spelt inn sitt første album i full lengde. Dette vert presentert under årets turné.

– Vi har spelt inn plate som har vore miksa i Nashville i Tennessee. På den plata har vi fleire låtar inspirert av norsk folkemusikk, jazz, pop, viser og andre folkemusikkformer. Har òg ein låt som er inspirert av Nordfjordtradisjonen, seier Nikolai Storevik til Fjordingen.

Han fortel at tida med Strengeplukk har vore svært kjekk.

– Alle i bandet er med på å påverke bandet sitt uttrykk med sin musikksmak og sin musikalske bakgrunn, noko som gjer at låtane og tekstane vert svært forskjellige. Medan ei låt let som ein irsk jig, let den neste som ein orientalsk-inspirert jazzlåt eller ein halling frå Nordfjord. Tekstane har spennvidd frå kompliserte kjærleiksforhold og naturvern til halshogging på 1800-talet.

Storevik seier at sjølv om musikarane er inspirerte av mykje forskjellig, prøver bandet å halde bluegrassramma rundt det heile. Instrumentbesetninga, den energiske rytmikken, tonespråket og den trestemmige songen har mykje å seie for å bevare den ekte amerikanske bluegrasstilen slik den oppstod på 40-talet.

– For meg er bluegrass ein fin mellomting mellom folkemusikken eg vaks opp med og jazzen eg har drive med dei siste åra. Å kunne studere felestilen i bluegrass med røter både i Europa og i Afrika, som tillèt ein god del improvisasjon, har gjeve meg ein enorm speleglede, seier Storevik.