Sosan Asgari Mollestad kom til Norge som flyktning frå Iran i 1985. Tysdag snakka ho til flyktningar og hjelpeapparat i Stryn om ansvaret både innbyggjarar og flyktningar sjølve har for å lukkast med integrering og inkludering.

Stryn Frivilligsentral spelar ei viktig rolle i introduksjonsprogrammet for flyktningar i kommunen. Det var også dei, gjennom eit samarbeidsprosjekt med Røde Kors, vaksenopplæringa og flyktningtenesta, at Sosan Asgari Mollestad denne veka var hyra inn for å halde foredrag for flyktningar og hjelpeapparat. Ho jobbar for Norges Bygdekvinnelag og tek utgangspunkt i si eiga historie som flyktning når ho pratar.

– Sosan er eit fantastisk eksempel på eit menneske som var flyktning, men som har teke tak i kreftene sine og står støtt i det norske samfunnet. Ho seier sjølv at ho ikkje fortel si historie fordi den er spesiell, men fordi den er vanleg, seier Marit Sandnes Skrede ved Stryn Frivilligsentral.

Flykta frå fengslingsdom

Asgari Mollestad var i tenåra då Iran opplevde ein stor revolusjon i 1977–1979 der sjahen til slutt vart styrta og Khomeini kom til makta. Situasjonen var kaotisk med mange politiske grupperingar og usemje om retning for landet. Ho hadde sjølv mista faren i konfliktane og det vekte eit stort politisk engasjement hos henne.

– Det var kampen for at individet skal vere fritt, seier Asgari Mollestad.

Hennar engasjement og kamp skulle etter kvart føre til ein fengslingsdom nokre år seinare.

– Men eg nekta å ta dommen. Den var på sju år. Då byrja eg å skjule meg under falsk identitet før eg til slutt klarte å flykte. Eg var ein av få som fekk kome direkte til Norge, fortel Mollestad. Ho kom hit i 1985.

Krigstraumar

Samarbeidsprosjektet til frivilligsentralen, Røde Kors, flyktningtenesta og vaksenopplæringa handlar om flyktningar og psykisk helse.

– Mange av dei som kjem til Norge slit med krigstraumer, tap og sorg. Det er difor vår oppgåve i hjelpeapparatet å vere merksame på det, seier Skrede. Ho peikar på at å finne seg til rette i eit nytt land betyr store omveltingar og der må alle bidra til at flyktningane blir i stand til takle det.

Offentleg og frivillig samspel

Dette står også sentralt i Mollestad sitt foredrag. Ho er oppteken av samspelet mellom det frivillige og det offentlege i inkluderingsarbeidet. Det kan vere frivilligsentralar, idrettslag, bygdekvinnelag og andre.

– Gjennom det frivillige blir ein betre kjent med kulturen og verdigrunnlaget, seier ho, og meiner at på dette området lukkast distrikta betre sidan dugnadsånda ofte står sterkare.

Men Mollestad er også oppteken av at kvar einskild må ta tak i eige liv og eigne ressursar.

Ho seier ho sjølv var heldig då ho kom til Norge. Ho vart godt teken imot og kom seg raskt i jobb.

– Sosan har i dag gjeve gode råd og fått oss til å løfte blikket mot det livet som kvar og ein skal skape seg her. Det må kvar einskild gjere sjølv, no er dei komne i tryggheit og kan skape ei god framtid her med sine eigne ressursar, seier Skrede.

Asgari Mollestad er oppteken av det offentlege si tilrettelegging i samspel med det frivillige arbeidet. Og til sist er det mykje opp til flyktningane sjølve kor vellukka inkluderinga blir. Foto: Roy Aron Myklebust