– Det er ein mangeårig tradisjon for at innbyggjarar i Bjørke og Viddal går i barnehage og på skule i Volda og Hornindal, sidan desse ligg mykje nærare enn tilsvarande tenester i Ørsta. Med grensejusteringen vil innbyggjarane få demokratisk påverknad på tenestetilbodet i kommunen som leverer tenestene. Dei får også kortare avstand til alle typar kommunale tenester, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Grensejusteringa omfattar 115 innbyggjarar og utgreiinga vart sett i gang etter initiativ frå enkelte av innbyggjane. Statsråd Monica Mæland seier innbyggjarane har vore delte i synet på kva kommune dei ønskjer å tilhøyre.

Kortare reisetid til offentlege tenester har vore vektlagt.

– Grensejusteringar skal først og fremst vere eit verktøy for å tilpasse kommunegrenser til eksisterande samhandlingsmønster og innbyggjarane si bruk av kommunale tenester. Grensejusteringa for Bjørke og Viddal oppfyller dette, seier Mæland.

Fleire årsaker

– Vi meiner det av fleire årsaker har vore rett å grensejustere Bjørke og Viddal over til nye Volda, ikkje minst fordi den geografiske plasseringa er slik at innbyggjarane i praksis lever sine liv i nye Volda – men må i dag levere si demokratiske stemme til Ørsta, seier hornindalsordførar Stig Olav Lødemel (H) i ei pressemelding.

– Nye samferdsleårer som E39 Kvivsvegen har forandra reisemønsteret og knytt folk saman på ein heilt annan måte enn tidlegare. Vi registrerer at Fylkesmannen og no Kommunal- og moderniseringsdepartementet har teke omsyn til at samfunnet endrar seg når nye samferdsleårer vert bygt.

Vise kvarandre respekt

Lødemel legg til at ved grensejustering blir enkelte innbyggjarar nøgde medan andre blir misnøgde med avgjerda, og atdei personlege kjenslene ofte kan bli svært sterke.

– No når vi har fått eit endeleg vedtak i saka vonar eg at alle er innstilte på å skilje sak og person, og at dei som er nøgde ikkje hoverer over dei som ikkje fekk ønsket og kravet sitt oppfylt, seier Lødemel.

– Personleg vil eg oppmode alle om å vise kvarandre respekt – ikkje minst på sosiale media. Vi skal trass alt leve saman i framtida også, seier leiar i Fellesnemnda for nye Volda.

Svært skuffa

Ordføraren Stein Aam i Ørsta er svært skuffa over utfallet. Han er også kritisk til dei vurderingane som er gjort av fylkesmannen og departementet i denne saka, går det fram av Ørsta kommune si heimeside.

– Til skilnad frå dei andre grensejusteringssakene i fylket har folkeviljen vorte sett til side, seier han på nettsida.

Ordføraren meiner at det først og fremst er innbyggjarane som bør få avgjere kva kommune dei skal høyre til.

– Dette er ikkje berre Ørsta kommune sitt standpunkt. Det er eit demokratisk prinsipp å faktisk lytte når ein vel å spørje innbyggarane. Dette prinsippet er også lagt til grunn i forarbeida til inndelingslova. Når staten då vel å sjå bort frå folkeviljen er det grunn til å vere skuffa, uttalar ordførar Aam på heimesida.

Negativt

Han seier også at vedtaket er negativt for Ørsta kommune si reiselivssatsing i Hjørundfjorden, og at vedtaket m.a. fører til at Ørsta kommune sitt inn

– Å misse 18 % av landarealet sitt i ei grensejustering har store konsekvensar for ein kommune, seier Aam.

Rett: Stig Olav Lødemel seier det er fleire grunnar til at ein meiner at dette er rett. Foto: Gunnhild Sindre