Varmen og tørken har ført til vegetasjon som er lett lettenneleg, sjølv om det er komme litt regn, melder Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB).

– Det regnet som har komme, er ikkje nok til å fjerne skogbrannfaren. No blir det meldt om tørt og varmt vêr i Sør-Norge, og for dei områda som opplevde lite regn, er skogbrannfaren igjen høg, enkelte stadar svært høg, seier seksjonssjef Hans Kristian Madsen i DSB.

Fem skogbrannhelikopter er i beredskap denne helga – to på Torp, to på Kjeller og eitt på Værnes. Eit Super Puma helikopter vil stå i ekstra beredskap på Torp iallfall fram til 8. juli.

Super Pumaen flyr med ei bøtte som rommar 3.000 liter vatn som den kan sleppe over ein brann. Det betyr at DSB kan tilby vesentleg styrkt beredskap i tilfelle skogbrann.

Det er generelt forbod mot å tenne bål i skog og utmark i perioden 15. april til 15. september.

(©NPK)