I finalen kniva utøvarane frå Hedmark med to andre finalistar Solveig Brekke Haugnes og Ole Nilsen, og Kari og Stig Nilssen. Desse para kom på høvesvis andre og tredjeplass.

Landskappleiken samla i år rundt 1.500 deltakarar til konkurransar i elleve musikk-klassar frå hardingfele til lagspel og fire danseklassar frå lagdans til hallingdans.

I konkurransane er deltakarane delte inn i underklassar etter alder og nivå. Kongepokalen går på omgang i dei ulike klassane. Det er åtte år sidan kongepokalen sist blei delt ut i dans fele.

I spel hardingfele klasse A kom Per Anders Buen Garnås frå Spelemannslaget Bøheringen på førsteplass, medan Aslak O. Brimi frå Lom Spel og dansarlag gjekk til topps i spel fele klasse A.

(©NPK)

Resultat for lokale utøvarar på årets landskappleik

Dans og spel: Asbjørg og Arne Sølvberg vart nummer tre i dans klasse D (eldste klasse), medan Arne vann klasse D i spel hardingfele. Arkiv

Vokal folkemusikk kl A

2. Unni Løvlid, Hornindal spelemannslag (vinnar Margrethe Nordmoen, Trysil-Knut spel- og dansarlag)

Hardingfele kl. A

13. Britt Pernille Frøholm, Hornindal spelemannslag (vinnar Per Anders Buen Garnås, Bøheringen)

KLasse A: Britt Pernille Frøholm frå Hornindal vart nummer 13 i klasse A hardingfele. Arkiv

Fele kl. A

17. Arne M. Sølvberg, Spelemannslaget Fjelljom (vinnar Aslak O. Brimi, Lom spel- og dansarlag)

Fele kl. B

12. Antonia Karete Haugen Kongsvik, Spelemannslaget Fjelljom

Hardingfele kl. D

1. Arne M. Sølvberg, Spelemannslaget Fjelljom

Dommar: Torunn Raftevold Rue var ein årets dommarar. Arkiv

Dans fele kl. D

3. Asbjørg og Arne M. Sølvberg, Spelemannslaget Fjelljom (vinnar Gunhild Døhl, Røros Folkedanslag)