Jostedalsbreen Nasjonalparksenter:

Fleire spennande nyheiter

Ønskjer velkomne: Anna Håheim Flo (t.v.), Jeanette Nygård, Torunn Bøe, Wenche Nesje og Gudrun Bergset ønskjer alle velkomne til nye opplevingar på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Her står dei framfor den nye botaniske hagen som kjem til å ta ytterlegare form gjennom sommaren.  Foto: Odd Sindre Tonning

Vi er svært fornøgde med framstillinga av Lodalsulykka

Wenche Nesje
Nyhende

Den siste tida har det blitt arbeida hardt ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter for å få gjennomført alt av planar før sommaren kjem. Og senteret byrjar å ta ein ny form.

– Inne skal vi no formidle kunnskap om skred og natur på ein ny måte. Vi vil gjere senteret meir interaktivt, fortel Wenche Nesje, dagleg leiar ved senteret.

Lodalsulukka digitalisert

Noko av det første ein legg merke til når ein kjem inn i sjølve utstillinga er ein heilt ny framstilling av Lodalsulukka.

På nasjonalparksenteret har dei fått tak i gamle avisutklipp frå 1936, då den siste Lodalsulukka fann stad, og digitalisert desse. På berøringsskjermen får besøkjande moglegheita til å bla i desse utklippa, og på denne måten lære meir om ulukka.

– Denne skjermen gjer at ein no får eit nærare innblikk i kva som skjedde i Lodalen den gongen. Vi er svært fornøgde med denne framstillinga av Lodals-ulukka, seier Nesje.

Eitt av områda dei ønskjer å konsentere seg om på senteret er skred og skredkunnskap.

– Vi vil vidareføre kunnskap om skred, om kvifor ein har skred og korleis klimaendringane påverkar snøskred, steinskred, jordskred og så vidare, seier Torunn Bøe, som er formidlingsleiar ved senteret.

Ny botanisk hage

Det som er nytt av året, er den botaniske hagen. Denne har blitt planta i løpet av våren, og vil no bli arbeidd vidare med i løpet av sommaren.

– Hagen er ikkje ferdigstilt enno, der er framleis arbeid som skal gjerast. Vi har forhåpningar om at den skal vere ferdig til hausten, men gjester er hjarteleg velkomne til hagen for å sjå korleis den ser ut, forklarar Nesje.

I Oppstryn: Ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter kan du i år sjå den botaniske hagen, avisutklipp frå Lodalsulukka og mykje meir.   Foto: Roger Oldeide

– Den botaniske hagen er delt inn i fire biotopar, eller grupper. Desse er basert på kvar ein kan finne plantane. Biotopane er plantar frå fjell, myr, edellauvskog og slåtteeng, samt ein bestemorshage, der ein kan finne plantar frå den tradisjonelle norske hagen, fortel Gudrun Bergset, som har eit særskilt ansvar i hagen.

Bakgrunnen for den botaniske hagen er at dei ønskjer å vise folk kvar ein kan finne dei ulike plantane, og kva desse kan bli brukt til, slik som til dømes medisin.

På nasjonalparksenteret er der også rebusløp for barna, som skal gjere ny læring spennande, og Nesje håpar at barn hugsar iallfall ein ny ting når dei forlèt senteret.

Biologisk mangfald-utstilling

Noko anna som har blitt gjort, er å lage ein eigen utstilling for biologisk mangfald.

– Her har vi plassert dyr som var her frå før i meir heimlege trakter, altså dekorert ulike område for å vise korleis desse dyra eigentleg lever, seier Nesje.

Ho fortel vidare at dei no har forsøkt å samle dyra meir enn tidlegare, og vise fram dei dyra ein kan sjå i og rundt nasjonalparken. Dette har blitt gjort gjennom tapetar på veggane og andre rekvisittar.

Ikkje berre ei utstilling

– Men det er ikkje berre utstillingar vi kan tilby her. Vi kan også tilby lokal mat, slik som honning, pølser av hjort, elg og rein, for å nemne noko. Her er også butikk for alle, anten du er på jakt etter ei gåve eller ein tradisjonell suvenir. Her er noko å gjere for alle og ein kvar, seier Nesje.

Ho fortel også at det blir arbeida tett saman med Visit Nordfjord for å styrke Nordfjord som ein destinasjon.

På Jostedalsbreen nasjonalparksenter formidlar dei aktivitetar ein har i nærområdet, og turar som kan vere verdt å ta.