Nødetatane rykte like etter klokka 18.30 i kveld ut til ei trafikkulukke på rv 15, om lag 7 kilometer vest for Stryn sentrum.

Politiet melde på Twitter at ein motorsykkel hadde køyrt av vegen i krysset rv 15/fv 698, Panoramavegen. Ein person var involvert i ulukka.

Nødetatene var raskt på staden saman med luftambulanse. Ambulansemannskap utførte livreddande førstehjelp på staden, men livet til føraren stod ikkje til å redde.

Vest politidistrikt har sendt ut følgjande pressemelding etter ulukka:

Ca kl. 18.36 fekk nødetatane melding om trafikkulukke i krysset rv 15 og fv 698 i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Det var meldt om ein motorsykkel som hadde køyrt av vegen. Ukjent kva retning den køyrde og kva som er årsak til ulukka. Nødetatane var på staden etter kort tid. Personen på motorsykkelen blei av ambulansepersonell først beskrive som kritisk skadd. Det blei føretatt livreddande førstehjelp på staden, men livet til personen stod ikkje til å redde. Personen blei erklært død ca kl. 19.20.

Personen som omkom er ei kvinne i 50-åra. Ho er ikkje heimehøyrande i Stryn kommune. Pårørande er varsla. Politiet er framleis på staden for å gjere åstadsundersøkingar. Vegen er stengt.

Kriseteamet i Stryn kommune er varsla. Statens vegvesen si ulukkesgruppe er også varsla og rykkjer ut til staden.

Saka vil bli etterforska av Nordfjord lensmannsdistrikt, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Ø. Halleraker.

Motorsykkelulukka førte til lange køar på rv 15. Foto: Fjordingen-tipsar