Rømt oppdrettsfisk skal vekk frå 63 elvar

- Rømningstala går ned

Havbruksnæringa set i gang tiltak for å redusere delen av rømt oppdrettsfisk frå 63 elvar i år.

Illustrasjonsfoto  Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Nyhende

– Det er godt nytt at innslaget av rømt fisk blir stadig lågare, og vi held fram med den gode innsatsen i fleire av dei same elvane som i fjor, seier styreleiar i OURO, Roar Paulsen.

Resultat frå OURO (Oppdrettnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk) viser at det er blitt fleire elvar med lite oppdrettsfisk etter dei tiltaka som vart sett i verk i fjor.

Det nasjonale overvåkningsprogrammet for rømt fisk viser at 165 av dei 197 undersøkte elvene no har lågt til moderat innslag av rømt fisk. OURO vel likevel å vidareføre jobbinga i dei fleste elvar det blei gjort tiltak i for 2017, for å sikre kontinuitet sjølv om det no ser ut til at innslag av rømt fisk er lågt.

– Vi har ein nullvisjon for rømming, og den klare trenden over mange år er at rømmingstala går ned. Vi ser at innslaget av rømt fisk i elvane også går ned, og vi er opptatt av å bidra til å få tala ytterlegare ned, seier Paulsen.

Det er i år valt ut 63 elver der det skal setjast i verk tiltak for å redusere innslag av rømt oppdrettsfisk. Det er 11 fleire enn i 2017.

(©NPK)