Politiet får fleire klager frå publikum som ikkje får svar når dei ringjer 02800.

– Dette er eit kjent problem som vi får mange tilbakemeldingar på. Det vert jobba for å finne løysingar, seier politi-overbetjent Lasse Trosdahl, tenestestadsleiar for politiet i Stryn og Hornindal.

02800 er telefonnummeret du skal ringje om du har spørsmål eller ønskjer å varsle politiet om noko. Her skal du automatisk bli kopla til sentralbordet eller operasjonssentralen i næraste politidistrikt.

– Det er viktig at publikum forstår at dersom det er hastar og dei treng hjelp raskt, skal dei ringje naudnummeret 112. Dette er prioritert, så der skal ein få svar.

80 prosent får svar

Morten Ørn er leiar for Felles enhet for operative tjenester i politiet. Denne eininga har ansvaret for sentralbordteneste og operasjonssentral.

– Kva er årsaka til at folk ikkje får svar når dei ringjer politiet på 02800?

– Det er ikkje riktig at folk generelt ikkje får svar når dei ringer 02800. Når Telefonsentralen er open, svarar vi på ca. 80 prosent av telefonane før folk legg på. Når telefonsentralen er stengd, er det politiets operasjonssentral som får inn telefonane. Operasjonssentralen svarar ikkje på vanlege spørsmål om politiet som kan vente til normal opningstid. Politiets operasjonssentral prioriterer situasjonar med fare for liv og helse. Dei prioriterer difor å svare på 112 først og å leie politioperasjonane som pågår.

Har forståing

– Kva vert gjort for å betre på situasjonen så folk får svar når dei ringjer?

– Vi har innført ei telefonsvarordning som silar telefonar før dei manuelt vert svarte på av dei på telefonsentralen eller operasjonssentralen. Vi har også lokale nummer til dei ulike politieiningane som folk kan ringe. Det finn ein enkelt på politiet.no.

Ørn seier politiet ventar på ei ny telefonsentralløysing som vil gje fleire valmuligheiter og gje publikum ei betre rettleiing enn dagens løysing gjev rom for.

– Har politiet forståing for at publikum vert frustrerte over å ikkje få svar?

– Ja. Men vi oppmodar folk om å ringe lokalt politi når dei lokale politikontora er opne viss det ikkje hastar.

Frustrerande også for politiet

– Er dette frustrerande også for politiet?

– Ja. Vi skulle ønskje at vi kunne svare betre på 02800- telefonane. Vi arbeider vidare med å få ei betre telefonordning internt. Kravet om eit servicenummer for politi-Norge, 02800, er ikkje følgt opp av hensiktsmessig teknologi. Mange store politidistrikt har utfordringar med å svare godt på 02800 på grunn av dårleg teknisk løysing.

Ørn legg til at mange telefonar som telefonsentralen set over til einingane kjem tilbake til sentralen fordi dei ikkje blir svara på der dei blir sett over til. Dette tek kapasitet frå telefonsentralen.

– Vi arbeider difor med at det må gjerast noko på eit breiare plan enn berre 02800, seier leiaren for Fellesenhet for operative tjenester i politiet.

Jobbar med saka: Morten Ørn, leiar for Felles enhet for operative tjenester i politiet. Foto: Politiet
112: – I naudstilfelle er det 112 som gjeld, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl i Stryn. Foto: Gunnhild Sindre