Arbeid på Hoven:

Legg til rette for luftsporten

Rampa: F.v.: Rune Holen, Ole Runar Aabrekk, Arne Reme og John Bjørn Moen studerer rampa som er under arbeid, der para- og speedgliderar skal få ta av utan hindringar.  Foto: Odd Sindre Tonning

Nyhende

Hoven har blitt eit eldorado for luftsport, og no blir der arbeidd hardt for å legge ytterlegare til rette for utøvarane som driv med speed- og paragliding.

Tidlegare måtte dei som skulle hoppe utfor kanten på Hoven springe gjennom lyng og tuer på vegen mot kanten. Dette skal det bli ein slutt på for speed- og paraglidarane.