Rekordtidleg bærsesong gir mangel på plukkarar

God kvalitet: Eivind Engesæt og Henriette Ansok Hatling med fine bær som er klare for marknaden i Oslo.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

26. juni kom første bringebæra til Innvik Fruktlager. Det er ti dagar før «normalen», og det er mangel på plukkarar i starten.

I løpet av sesongen kjem det kring 250 plukkarar til Vikane. Dei fleste frå Polen. Billettane til reisa blir tinga tidleg og til avtalt tid, men i år er det mange som må til med nye billettar for å få plukkarane på plass i rett tid.