Wojtek nådde verdas femte høgste fjell

For litt over ein månad sidan klatra Wojtek Flaczynski til topps på verdas femte høgste fjell. Ned att byrja problema.

Mektig: Makalu er verdas femte høgste fjell med sine 8.463 m.o.h. Fjellet ligg i Himalaya, på grensa mellom Nepal og Tibet. Makalu er rekna for å vere eit av dei vanskelegaste fjella i verda å klatre på grunn av sine stupbratte vegger og knivskarpe kantar. Her sett frå om lag 4.850 meters høgde. Alle foto: Wojtek Flaczynski  Foto: Wojtek Flaczynski

Nyhende

Fjordingen møter Wojtek trygt tilbake i den vesle sokkelleilegheita i Stryn. Det er om lag ein månad sidan han stod på toppen av Makalu, 8.463 m.o.h. Den polske eventyraren har budd i Loen og Stryn sidan 2012, og det er langt frå første gong han prøvar seg på høge fjell. Men det er første gong han har nådd eit som er over 8.000 meter.

Ved ekspedisjonar er eit sentralt spørsmål kor sjølvhjelpt ein vil vere. Det står nok av sherpaer klare til å bere, mot betaling. Ein annan ting er oksygen. Ekspedisjonar i denne høgda er betydeleg vanskelegare og farlegare å gjennomføre utan oksygentilførsel. Men for Wojtek er det uaktuelt med både oksygenflasker og sherpa. Ein ting er økonomien, noko anna er meistringa – kjensla av å klare alt sjølv. Bere utstyret på plass med eiga hjelp og ta seg til topps med ein kropp som har tilpassa seg omgjevnadane dag for dag og veke for veke. Fjellekspedisjonar av denne arten handlar veldig mykje om tolmod. Ein treng 5–6 veker for å tilvenne kroppen høgda.