Aleks Grey til Tyskland

Utanlands: Aleks Grey skal halde konsertar i Tyskland.  Foto: Ingrid Kvåle Faleide

Nyhende

Artisten Aleks Grey satsar utanlands. Han har søkt Hornindal kommune om støtte til Tyskland-turne i mai neste år.

Artisten Aleks Grey, alias Aleksander Raftevold, har røter bade i Eid og i Hornindal. Han skal gjennomføre åtte konsertar på turnéen saman med band. Alle konsertstader har «Aleks Grey» som headliner, med lokale band som oppvarmarar.

Turnéruta startar i Monheim og vert avslutta i München.