Ei kvinne i 50-åra omkom etter å ha kome utfor vegen med motorsykkel  i svingen ved Vegtun, der Panoramavegen tek av frå rv 15, tysdag kveld. – I desse svingane har det skjedd fleire utforkøyringar, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl. For berre ein månad sidan var det ei liknande ulukke på strekninga.

Ulukka tysdag skjedde i 18.30-tida. Ekteparet frå Nord-Norge var på tur gjennom området og var på veg i retning frå Stryn då ulukka hende.

Kvinna som omkom køyrde først. Ved starten på den krappe svingen ved Vegtun køyrde sykkelen rett fram, over motgåande køyrefelt og hamna utfor vegen på høgre side av innkøyringa på Panoramavegen, opplyser Trosdahl, politiet sin innsatsleiar i samband med ulukka.

Ambulanse etter få minutt

Det kom raskt andre trafikantar til, som saman med ektemannen umiddelbart tok hand om den skadde.

– Ambulanse kom etter få minutt og brannmannskap frå Stryn rett etter, og desse gjorde ein svært god jobb på staden, seier Trosdahl.

Men livet til den skadde motorsyklisten stod ikkje til å redde, og etter om lag ein time gjekk det ut melding frå politiet om at den skadde var omkomen. Det er ikkje klarlagt kva som var årsaka til ulukka, men i følgje politiet er det ingen ting så langt som tyder på stor fart eller tekniske manglar.

Andre på ein månad

Dette er den andre motorsykkelulukka på staden i løpet av vel ein månad. Første helga i juni skjedde det ei nesten tilsvarande ulukk, seier Trosdahl.

Også det var ei motorsykkelulukke, då med personskadar, men ingen omkomne.

Vore fleire ulukker

– I desse svingane har det vore fleire utforkøyringar. Det gjeld trafikk i begge retningar, seier politioverbetjent Trosdahl.

Han legg til at på staden er det også på sommarstid sterk, relativt låg motsol om kvelden.

– Dette kjem brått på for dei som ikkje er vande til å køyre her når dei kjem rundt svingen nedanfor, på veg oppover, seier han.

Førebyggjande skilting?

Politiet vil no ta initiativet til eit møte for å diskutere om det kan bli førebyggjande skilting i tilknyting til svingen ved Vegtun.

Lokalt er det ei kjent sak at det både sommars- og vinterstid skjer utforkøyringar i svingen ved Vegtun, der Panoramavegen tek av frå rv 15.

Skilt for ulukkespunkt og hastigheit

I etterkant av dei siste ulukkene har det lokalt blitt diskutert om ikkje denne staden burde skiltast.

Til dømes skilt av den typen som varslar ulukkespunkt. Dette finst det mellom anna ved Lotetunnelen.

Skilt med anbefalt hastigheit er også nemnt. Slikt skilt finst det mellom anna ved Stavenestunnelen på fv 60.

Vil ta initiativ

– Er dette med skilting noko politiet vil ta tak i, Lasse Trosdahl?

– Dette er ei strekning der det har skjedd fleire ulukker, og vi vil difor ta initiativ til eit møte med med Statens vegvesen for å diskutere mogeleg førebyggande skilting.