Den siste tida har Telenor arbeidd med å setje opp ein ny basestasjon på Hoven, noko som skal betre dekninga både der oppe, og innover i Lodalen.

– Det byrja med at eigaren av Hotel Alexandra tok kontakt for betring av dekninga ved Loen Skylift, då dekninga har vore svak der oppe tidlegare, seier Pål Lukashaugen hos Telenor.

Han opplyser vidare at det ikkje er absolutt alle som vil nyte godt av den betra dekninga.

– Dette vil påverke dei med Telenor abonnement og med telefon som støttar 4G.

Ifølgje Lukashaugen vil signala nå langt innover i Lodalen, og gi betra dekning nesten heile vegen til Kjenndalen.