Det er jamt over gode resultat på eksamen i grunnskulen våren 2018, og i matematikk og norsk hovudmål er det framgang frå i fjor.

Det skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på nettsida si.

Dei førebelse resultata etter eksamen i dei skriftlege eksamensfaga syner at elevane i Sogn og Fjordane, samanlikna med dei andre fylka, har jamt gode resultat. Spesielt i matematikk og norsk sidemål der resultatet er mellom dei beste i landet.

I norsk hovudmål ligg elevane også i år under landssnittet, men det er ein liten framgang frå i fjor. Det er framleis grunn til å stille spørsmål om kvifor elevane i Sogn og Fjordane har skilnad i kompetansen i hovudmål og sidemål.

Fjorårets karakterar i parantes.

FagkodeFagnamnLandetSogn og Fjordane
ENG0012Engelsk 10. årstrinn, skriftleg3,7 (3,7)3,7 (3,7)
MAT0010Matematikk 10. årssteg3,6 (3,3)3,8 (3,5)
NOR0214Norsk hovudmål 10. årssteg, skriftleg3,6 (3,5)3,4 (3,3)
NOR0215Norsk sidemål 10. årssteg, skriftleg3,4 (3,3)3,6 (3,6)

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane viser elles til Utdanningsforbundet sine sider med samla resultat og vurderingar av eksamensresultatet.