Sagueva Gómez kom til Stryn for fire år sidan fordi ho trengde ein jobb.

– Eg flytta hit fordi eg trengde ein jobb. Eg kom saman med nokre vener som hadde budd her før. Så eg kom for jobben, men vart verande for den fantastiske naturen og folket. Det er fire år sidan eg flytta hit, og eg kunne ikkje ha vore meir fornøgd, fortel Sagueva.

Skal hjelpe turistane

– Kva går jobben din ut på i korte trekk?

– Den viktigaste jobben vi gjer, er å gi turistane ein varm velkomst og hjelpe dei med alle spørsmål dei lurer på. Det kan vere alt frå spørsmål om vegen, til ønske om praktisk hjelp, som det å fikse eit punktert dekk, seier Sagueva.

Lite nordmenn

– Kven er det som oftast besøker turistinformasjonen?

– Det vanlegaste er folk frå Spania, Tyskland og Frankrike. Det er ikkje særleg mange frå Norge som kjem innom, fortel Sagueva.

Isbreane er populære

Turistinformasjonen får mange spørsmål frå turistane.

– Kvar er isbreen? Det er definitivt det vi blir spurt om oftast. Det er også mange som spør etter Loen Skylift, sidan det er ein ny attraksjon med ein eksplosjon av opplevingar.

–Kva er det raraste du har blitt spurt om?

– Det er alltid rart når personar eg ikkje kjenner begynner å stille meg veldig personlege spørsmål. Eg veit ikkje heilt kva eg skal svare, sidan eg ikkje har ei aning om kven dei er, avsluttar Sagueva Gómez.