– Festivalen har over tid bygd seg opp eit godt ry både med tanke på populære og gode artistar, men også rammene rundt elles, seier dagleg leiar for festivalen, Arne Kleppe i ei pressemelding.

I fjor hadde festivalen rundt 13.000 besøkjande. I år er campingarealet utvida og sjølv om rekordmange har kjøpt billettar på førehand, forsikrar Kleppe at det også er plass til dei som møter opp når festivalen startar.

Artistansvarleg Nils R. Sandal fortel at festivalen kvart år prøver å henta inn ein hovudartistar. Sjølv om det kostar, meiner han det er med på å trekkja publikum.

I år er det Tanya Tucker som står øvst på plakaten.

– Ho tek med seg sitt eige band av dyktige musikarar, seier Sandal, som legg til at konserten i Breim blir den einaste ho held i Europa på denne turen.

På plakaten elles står artistar som Rotlaus, Vassendgutane, Nothin Fancy, Hanne Sørvaag, Blåstrå og Get Rhythm og mange fleire.

– Målsetjinga vår er ikkje at alle skal lika alt, men at alle skal lika noko – og det trur eg vi har lukkast med i år også, seier Kleppe.

(©NPK)