– Vi meiner at regjeringa må innsjå alvoret. Kornproduksjon og fôrproduksjon er dramatisk ramma, og mange bønder har berre hausta om lag ein tredel av normal førsteslått, seier Olaf Godli, generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, til NTB.

Han understrekar at dei dårlege utsiktene for regn gjer situasjonen endå verre.

– Det er krise. Mange kunne levd med ein dårleg slått dersom det kom regn og ein god andreslått, men moglegheitene for gjenvekst på groarealet blir mindre og mindre for kvar dag som går, seier Godli.

Vil lempe på regelverk

Generalsekretæren meiner regjeringa bør handle umiddelbart og lempe på avlingsskaderegelverket for å redusere omfanget av krisa.

– Vi meiner at styresmaktene bør dispensere frå noko av regelverket ved avlingsskade, slik at ein sterkt redusert plantemasse i kornproduksjonen kan bli gitt bort til husdyrprodusentar utan at det får konsekvensar for kornprodusenten, seier Godli.

– Vidare meiner vi at det bør vere mogleg for kornprodusentane å stille dei areala der kornet er hausta som grovfôr til disposisjon for husdyrprodusentane utan at det skal føre til avkorting for kornprodusentane, fortset han.

– Ekstraordinær situasjon

Småbrukarlaget håpar ein dispensasjon frå regelverket vil føre til at kornbønder omdisponerer areala sine, for å så grønfôr som kan gi grovfôravling om det kjem regn.

Meir fôr er avgjerande før vinteren. Særleg etter eit fjorår med dårleg avling.

– Situasjonen er heilt ekstraordinær. Fleire produsentar er allereie i gang med å bruke vinterfôret, og naboland som Danmark og Sverige, land vi elles kunne ha kjøpt fôr frå, er i same situasjon, seier Godli.

Vurderer å setje ned tollen

Godli er i samtaler med Landbruks- og matdepartementet. Statsråd Jon Georg Dale (Frp) seier at regjeringa følgjer nøye med på utviklinga, og at dei vurderer tiltak.

– Regjeringa kartlegg no moglegheita for å importere fôr og kor raskt ein i så fall bør setje ned tollsatsane, seier Dale.

Hans foreslåtte tiltak vert ikkje møtt med begeistring av Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Det er greitt at regjeringa gjer dei vurderingane rundt dette spørsmålet, men sett i forhold til den fôrkrisa som allereie er eit faktum, vil ein slik import ha svært avgrensa effekt, meiner generalsekretær Godli.

Sp-politikar ber om tiltak

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) er på si side positivt til å auke fôrimporten, dersom det kan gjerast utan å setje norsk plante- og dyrehelse i fare.

Samtidig understrekar han at mange bønder kan få økonomiske tap.

– Eg vil derfor understreke betydninga av gode erstatningsordningar for avlingsskade. I tillegg må det alt no planleggjast for å sikre ei rask handtering av søknader om avlingsskade, slik at enkeltbønder ikkje opplever unødvendig økonomisk belastning på grunn av lang saksbehandlingstid, seier Pollestad, som også vil styrkje beredskapen for matkorn.

– Eg vil derfor understreke betydninga av at regjeringa så raskt som mogleg følgjer opp Stortingets vedtak om å etablere beredskapslagring av matkorn i Norge, seier Pollestad.

(©NPK)