Sparebankstiftinga med gåvemidlar:

Mange får gåver

Gåvemidlar: Stryn Motorsportklubb får 50.000 kroner i gåvemidlar frå Sparebankstiftinga til ei barnebane.   Foto: Roy Aron Myklebust

Fakta
  • Sparebanken Sogn og Fjordane har to eigarstiftingar; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler.
  • Gjennom utbytte frå banken gir stiftingane gåver til allmennyttige føremål i samfunnet.
  • Sparebankstiftinga Fjaler har søknadsfrist 1. mars kvart år, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har to tildelingsrundar i løpet av året.
Nyhende

Kvart år deler Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane ut gåvemidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot. Midlane går til kultur, idrett og næringsretta prosjekt.

Utbyttet frå banken har resultert i over 16 millionar kroner i gåver så langt i år. Fleire av desse er prosjekt som går over fleire år. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ei ny tildeling til hausten.

– For oss handlar gåvetildelingane om samfunnsansvaret vårt, og vi følgjer ein sterk sparebanktradisjon ved å gi tilbake til lokalsamfunnet. Det er dei to eigarstiftingane våre som forvaltar overskotet, men gåvene og verdiane er det banken og kundane til banken som har skapt. Vi er stolte over å kunne vere synlege lokalt, både gjennom gåvene frå stiftinga, men også gjennom sponsoravtalar og eigne gåver gjennom banken, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Stryn og Hornindal

Fleire lag, organisasjonar og foreiningar i Stryn og Hornindal har fått tildelt gåvemidlar:

Hornindal Næringslag: Folkepark kr 50.000

Hornindal og Markane Skyttarlag: Fibertilkobling kr 20.000

Indre Nordfjord Turlag: Satellitt-telefon og sikringsutstyr kr 10.000

Olden UL: Utbetring av grendehus kr 50.000

Rake Grendalag: Leikeplass kr 10.000

Skihytta Flofjellet: Namneskilt kr 25.000

Stegane Vel: Oppruste leikeplassar kr 50.000

Stryn Motorsportklubb: Barnebane kr 50.000

Stryn Næringssamskipnad: Bidrag til koordinering næring/skule kr 37.500

Stryn Rotaryklubb: Aktivitetstur kr 6.000

Vikane Røde Kors: Beredskapshengar kr 50.000

Alexander Raftevold: Furorestipend kr 50.000

Fakta

- Sparebanken Sogn og Fjordane har to eigarstiftingar; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler.

- Gjennom utbytte frå banken gir stiftingane gåver til allmennyttige føremål i samfunnet.

- Sparebankstiftinga Fjaler har søknadsfrist 1. mars kvart år, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har to tildelingsrundar i løpet av året.