Varden på Gulkoppen er igjen intakt etter ein aldri så liten restaureringsjobb.

– Eg var ein tur på fjelltoppen i fjor, og då såg eg at varden var øydelagt. Det kan vere ganske så vêrhardt på toppen, og fleire steinar låg utover, seier Alf Lefdalsnes.

Flott jobb

Etter å ha teke saka opp med trimgruppa i idrettslaget tok Lefdalsnes og Knut Leirgulen på seg jobben med å restaurere varden, og onsdag i førre veke tok dei turen opp for å stable steinane på plass att. Med seg hadde dei også Leirgulen sitt barnebarn, Sigurd, og kameraten hans, Jon Høye. Saman var dei klare for ein god dugnadsjobb i finvêret på Gulkoppen.

Etter eit møysommeleg arbeid var steinane på plass, og resultatet vart rett så bra.

Gulkoppen er grensefjell mellom Stryn kommune og Hornindal kommune, og varden ligg på 1.304 meter over havet.

Fjelltoppen er eit av mange populære turmål i området.

Alf Lefdalsnes (t.v.) og Knut Leirgulen løftar steinar på plass på varden. Foto: Privat
Varden på Gulkoppen 1.304 moh er igjen intakt. Foto: Privat