Onsdag handsama administrasjonsutvalet i Hornindal ei varslingssak mot ein kommunalt tilsett. Ordførar Stig Olav Lødemel gjekk frå og overlèt leiinga til varaordførar Randi Langlo. Dette handlar om varsling i høve eit eigedomssal i kommunen.

Rådmann Ann Kristin Langeland ynskte før møtet ikkje å uttale seg om saka. Fjordingen veit at Hornindal kommune søkte juridisk bistand i saka. Administrasjonsutvalet vedtok å lukke møtet, og Fjordingen vart beden om å forlate møte-lokalet. Utfallet av møtet er førebels ikkje kjend.

Sa seg inhabil

I samband med varslinga av ein kommunetilsett om innblanding i tomtesal i Hornindal, melde ordførar Stig Olav Lødemel seg inhabil då det heile starta. Dette stadfestar rådmann Ann Kristin Langeland ovanfor Fjordingen når vi spør om ordføraren si rolle i saksgangen.

Langeland poengterer at Stig Olav Lødemel ikkje har fått innsyn i saka, og ikkje har tilgang til dokument som er unnateke offentleg innsyn.

Overraska

Ordførar Lødemel fortel at straks han fekk spørsmål og innspel kring gjeldande tomtesal og konsesjon, kontakta han rådmann Ann Kristin Langeland med beskjed om at dette var ei sak ho saman med varaordførar måtte ta seg av.

– Med familiære band både til seljar og kjøpar var det openbart naturleg og naudsynt for meg å halde meg utanfor, seier Hornindal-ordføraren til Fjordingen.

Det verserer spekulasjonar om ordføraren si innblanding, men dette avviser Lødemel og seier han melde seg inhabil allereie då han vart kjent med saka. Han er overraska over spekulasjonane om aktiv deltaking i eigedomssalet.

Innsyn

Ordføraren let Fjordningen få innsyn i den skriftlege meldinga han sende til rådmannen då saka starta og han klart såg sin inhabile status. I meldinga står det at i høve sak 181/6 som gjeld konsesjon for fast eigedom, melder Lødemel at dette ikkje har med politikk å gjere, og at han difor ikkje vil eller kan ha innsyn i dokument angåande dette.

– Dersom nokon ynskjer innspel i saka, ligg dette til rådmann og varaordførar, seier Lødemel.