Dette er mølla til Karin sin bestefar, Iver P. Erdal, bygd i 1932 og no gjenopna som serveringsstad og camping-resepsjon.

Historia heng i vegger og interiør

Når du stig inn i Erdalen Bygdemølle møter du historia bokstaveleg talt i døra. Det har blitt eit moderne serveringslokale som også fungerer som resepsjon for Grande Camping rett ved sidan av. Men her heng historia om lange arbeidsdagar og produksjon av livsviktig mjøl og korn i mellomkrigstida både i vegger, tak og interiør.

Her står dei aller fleste maskinene og innretningane slik dei gjorde den gongen mølla var i full drift.

Bestefar bygde mølla

Karin sin bestefar bygde mølla, og far hennar jobba også her som ung. Bestefaren sin yngre bror Inge var møllar, og mange i distriktet hugsar han i arbeid på mølla i sin blå lagerfrakk.

No har ein ny generasjon pussa opp bygningen og innreia han med nytt golv, ny kledning, moderne toalett-fasilitetar og kjøken.

Men framleis pregar bygget sin opphavlege funksjon lokala og skaper ei heilt spesiell atmosfære.

Bygd med inspirasjon frå Amerika

Erdalen Bygdemølle er ein særprega bygning som mange har lagt merke til når dei kjem rv 15 på veg mot eller frå Strynefjellet. Det er særleg taket som gjev bygningen særpreget.

– Det var ein fetter av bestefar som kom heim frå Amerika som meinte at taket burde sjå slik ut, fortel Karin Erdal Nesje.

Dermed vart det mansardtak, ein takkonstruksjon som har namn etter den franske arkitekten Francois Mansart. Han utvikla ikkje designet sjølv, men brukte det mykje i sine konstruksjonar. Stilen vart m.a. svært populær i USA, til dømes til låvebygningar.

Med synet av slike i minnet var det altså fetteren kom heim og foreslo eit annleis tak på mølla som skulle byggast. Og slik vart det.

"I mellomkrigs-tida vart det bygd tre bygdemøller i Stryn.Den største vart bygd i Olden i 1920 etter initiativ frå Rasmus Bruvoll. Mølla i Olden står framleis ved den nye cruisekaia. I Erdal i Oppstryn starta Ivar Erdal mølle i 1932, og på Årnes låg Eikenæs Bygdemølle."

frå fylkesleksikon

Originalt interiør

Så mykje som mogeleg av det originale interiøret er behalde.

– Bestefar fekk idéen om å byggje mølle frå bror sin, som jobba hos det som i dag er Øvreberg AS, fortel Karin.

Også her vert historia på sett og vis vidareført: Det er Øvreberg som har hatt ansvaret for å oppgradere dei originale lampane på den tekniske sida, slik at dei framleis kan brukast. Det er originale lampar mange stader i lokala, noko som sjølvsagt er medverkande til å skape den spesielle atmosfæren.

Campingen først

Då Karin og John overtok garden og campingplassen på Grande, tenkte dei også på kva dei skulle gjere med den gamle mølla som låg ved innkøyringa til campingen.

– Vi måtte prioritere oppgradering av campingplassen først. Men vi har tenkt på mølla heilt sidan vi overtok. Då vi fekk støtte frå Innovasjon Norge sette vi i gang med oppussinga av mølla, seier Karin.

Alt utvendig vart gjort sommaren 2016, og rundt siste årsskiftet tok arbeidet til innvendig.

Snikkar Harald Lunde frå Stryn har vore fagleg ansvarleg for arbeidet.

– Det har vore utruleg godt å ha han med, også når det gjeld å diskutere ulike løysingar.

Og til jonsok kunne dørene opnast til kafé og resepsjon. Utanom sommarsesongen vert det ope til ulike arrangement.

– Vi håpar folk vil like seg på mølla og nytte lokala våre. Vi har alt fått første selskaps- og konfirmasjonsbestillingane! seier Karin Erdal Nesje.