Stryn Energi er i ferd å føre fram straum til eit hytteområde på Tverrfjellet. Heile prosjektet kostar vel fire millionar kroner.

– Det er 22 som har meldt interesse. Det er det talet vi måtte ha for å setje i gang, fortel prosjektleiar Knut Gunnar Ulvedal, som tek over som energisjef 1. august. Han reknar med at det kjem fleire til etter kvart, men det er også dei som vil halde på det gamle med stearinlys.

Prosjektet blir knytt til Hydlafeltet, og det er i alt tre entreprenørar som skal utføre gravearbeidet. Akkurat no er det Otto Garlid som er i gang, men også Arvid Hatledal og Vinsrygg Maskin skal ta del i arbeidet, som vil bli fullført i løpet av august. Det skal gravast 3.200 meter grøft for kablar og rør til lågspent, 750 meter til høgspentkabel, og det blir lagt til rette for fiber.

Anleggsbidraget for den einskilde er på 95.000 kroner.

– Det kan høyrast mykje ut, men det aukar også verdien på hytta, meiner hytteeigar John Tjervåg som er godt nøgd med å få straum og fiber. Med dagens teknologi kan han styre oppvarminga heimanfrå, og kome til oppvarma hytte.

Eit godt tilbod, seier Jarle Sandbakk som valde å grave siste stubben sjølv. Foto: Inge Fænn