– Vi har erfarne fjell- og breførarar som tek deltakarane trygt fram i den storslåtte og mektige fjellnaturen i området, fortel Olav Auflem, som er leiar for Indre Nordfjord Turlag.

– På turane kan du oppleve dei fantastiske kontrastane det er å gå frå grøderike dalar med fjordar, elvar og vatn til å vandre over snødekte, kvite brear der nakne steinmassiv av og til stig opp over breen. Dette er ei naturoppleving det knapt finst maken til.

INT arrangerer også turar til kulturhistoriske perler i distriktet, og har ungdoms- og familieturar, sistnemnde med Barnas Turlag.

Turar med Turbo

INT har også laga til 10 turar med Turbo, Barnas Turlag sin maskot. Du kan gå fem turar og bli Turbo, eller gå ti turar og bli Superturbo.

– Du treng ikkje vere DNT-medlem for å delta, men det er kun medlemmar som er med i trekninga av hovudpremiane, fortel Auflem.

INT sine turar i sommar/haust

24/6 – Eggenipa, fellestur

30/6 – Strynekåpa, fellestur

7/7- Lodalskåpa, fellestur med INT Bre og fjellsport

20/7 – Bispen, fellestur, 3 dg

28/7 – Skåla – Bødalsseter, 2 dagar, fellestur (krevande)

4/8 – Kanotur i Lodalen med INT-UNG

5/8 – Oldeskaret – Stardalen, fellestur

11/8 – Ceciliekruna, fellestur

12/8 – Buvatnet, Hornindal med Barnas Turlag

19/8 – Kattanakken, fellestur

25/8 – Grotli-Raudalen-Kamperhamrane-Sunndalen, fellestur over 2 dg

26/8 – Honndalrokken, fellestur

1/9 – Overnattingstur til Vetledalssetra med INT-UNG

1/9 – Tjuvaskåra-Bødalssætra, fellestur

2/9 – Kom deg ut-dagen

8/9 – Hjellehyrna, fellestur

22/9 – Urkeegga, fellestur

30/9 – Botenibba

7/10 – Blåtur, fellestur

19/10 – Lommelykttur med Barnas Turlag

Turbo: Fjellreven Turbo er turkameraten til Barnas Turlag. Her er han på tur til Vetledalssetra. Foto: Barnas Turlag