Taraldset, Hopland og Garlid scorar mest

Toppscorar: Mariell Taraldset er Stryn sin mestscorande i 3. divisjon.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Mariell Taraldset, Vegard Sæten Hopland og Mathias Garlid er spelarane som har scora flest mål for Stryn sine seniorlag.

Fotballsesongen er halvspelt, og for Stryn sitt damelag i 3. divisjon er det Mariell Taraldset som står med flest nettkjenningar. Seks gonger har den raske kantspelaren funne vegen til mål. Hedda Vatn Øvreberg, Kaisa Vollsnes Wemby, Karoline Flo og Saeideh Tajik står alle med tre mål kvar.