250.000 kr til Visnes hotel

250.000 kroner: Arvid Otterdal og Marit Nordheim Otterdal er vertskap ved Visnes hotel. foto: roy aron myklebust (arkiv)  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Visnes Hotel i Stryn får  250.000 kroner frå Kulturminnefondet i Sogn og Fjordane.

Kulturlåven ved Visnes Hotel er eitt av i alt 22 prosjekt i fylket som får tildelt midlar. Prosjekta i Sogn og Fjordane fekk 8,5 millionar til saman. Frå Sogn og Fjordane kom det 68 søknadar på nesten 32 millionar kroner, skriv kulturminnefondet i ei pressemelding.