Lesarinnlegg

Det bør løne seg å velje miljø- og ressurs-sparande løysingar

- Hytteeigar Atle Garnes er pålagt avgifter på nærare 5.000 kroner for tenester han ikkje treng meir enn kvart tredje eller fjerde år, skriv Ottar Håkonsholm Hans C. Haddal i lesarinnlegget.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I avisene Fjordingen, Vikebladet og Sunnmørsposten, les vi om hytteeigar Atle Garnes som blir pålagt avgifter på nær 5.000 kroner i året for tenester han ikkje treng meir enn kvart tredje eller fjerde år.

Frå Stryn kommune si side blir det hevda at det vil vere utfordrande å få til ei tømmeordning for septiktankar som er tilpassa den einskilde sin bruk. Kommunen samanliknar dette med andre typar avgifter der bruken varierer, men gebyret er det same. Kommunen opplyser likevel at dei med tankar på ni kubikk får tømming annakvart år, og at ein om nokre år vi ha erfaringsgrunnlag til å vurdere om forskrifta bør endrast. Det blir vidare argumentert med at tenestene blir levert til «sjølvkost».