Hafsås vann i Jølster

Ny siger: Helge Hafsås frå Olden vann Jølster Maraton laurdag.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Helge Hafsås frå Olden IL gjekk til topps då han deltok i Jølster Maraton laurdag.

Hafsås vann løpet for 15. gong, og vinnartida til oldaren vart 3.07.01.

Jølster Maraton vart arrangert for 36. gong.

Hafsås har no vunne totalt 181 maratonløp og 15 ultraløp. Dette var den andre sigeren på distansen så langt i år.