Marit Johanne Lunde

Pensjonist

Hornindal

– Kva opptek Marit Johanne Lunde for tida?

– Eg jobbar frivillig med å halde orden i sentrum med å plukke boss, vaske bord og benkar og vatne planter. Så går eg tur med Lady, naboen sin hund, og er saman med barn og barnebarn.

– Ferierer du?

– Ja, i Honndalen. Kvifor reise vekk når vi har det så fint her?

– Kva er di draumeoverskrift i Fjordingen?

– Hornindal omsorgssenter blir utbygd.

– Tips til ein regnversdag?

– Gå ut ein tur. Vinn over dørstokkmila.

– Favorittbadeplass?

– Eg sym ikkje, men den finaste plassen å vere er nedanfor Grobygget i Honndalen. Det er fint også utan bading.

– Badedrakt eller bikini?

– Ingen av delane. Eg brukar bukse og overdel.

– Din sommarhit?

– Ingen spesiell sommarhit. Men eg likar «Kommer nå, våren kommer nå» med Stein Ove Berg.

– Kva les du om sommaren?

– Aviser. Og så låner eg bøker på biblioteket om kulturelt stoff frå bygda.

– Du får sommargjester. Kva attraksjon i indre Nordfjord tek du dei helst med til?

– Det er mykje. Kyrkja som vart bygd i 1856. Svormuséet. Lavvoane i dalen. Heile Grodås sentrum.

– Kven får di helsing gjennom lokalavisa?

Gry. Eg vil ynskje til lukke med nyetablering med Spiseriet. Ho er eit unikum og ser ingen problem.