Endringar for helsepersonell:

Klarare lov om varsling til barnevernet

Helse- og omsorgsdepartementet har kome med endringar for helsepersonell angåande varsling til barnevernet.

Klar lovtekst: Kommunalsjef Heidi Vederhus er nøgd med at lovverk har fått klarare og meir folkeleg tekst som er lettare å tolke. Ho seier alt av helsepersonell må vere klar over varslingsplikt og opplysningsplikt til barnevernet.   Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Dei varsla endringane er gjeldande frå 1. juli i år, og gjeld helsepersonelllova § 33. Dette regulerer helsepersonell si plikt for merksemd og opplysning til barnevernet ved alvorleg omsorgssvikt og alvorlege åtferdsvanskar.