Tur til «Norges tak»:

Topp stemning på fjelltur

Alle dei 24 deltakarane og dei sju frivillige greidde å nå toppen av Galdhøpiggen då «Til topps» vart arrangert siste helga i juni.
Nyhende

– Til Topps er eit årleg arrangement der frivillige og det fleirkulturelle Norge går saman til Galdhøgpiggen, skriv Benedicte Sundgot Greidung som jobbar i flyktningtenesta i Stryn kommune. Tilbodet er til immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar med fleire.

– Det starta i Lom på fredag der vi kom til ferdig oppsette lavvoar, og vi hadde kulturfest på kvelden. Sogn og Fjordane Røde Kors hadde gjort ein kjempejobb med organiseringa, seier Sundgot Greidung.