Segestad i Oppstryn har kanskje den mest særprega og storslåtte plasseringa av gardane i Stryn kommune.

Høgt og fritt ligg garden på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen.

Eit par kilometer frå Hjelle kan ein parkere bilen, og etter nokre hundre meter gange går det ei tydeleg og fin rås frå Glomnes til Segestad. Med jamn marsjfart er ein oppe på ein halvtime til ein time. Ein passeleg kveldstur eller søndagstur som gjer den til eit ynda turmål for både lokalbefolkning og turistar. Frå gardstunet er det eit om lag 300 meter høgt stup til Oppstrynsvatnet. Her er det ei flott utsikt til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og fjella ikring. Denne garden er eit prov på at folk busette seg og levde av jorda på dei mest kronglete stader.