Fjordingen for 10 år sidan:

– Dette var ei surrealistisk oppleving, men på ein god måte, sa gitarist Eirik Kristensen i bandet «The Generous Days» etter å ha spelt konsert i ein båt over Europas djupaste punkt. 30 båtar med til saman 200 tilhøyrarar fekk søndag med seg ei eineståande oppleving. På 514-punktet på Hornindalsvatnet leverte «The Generous Days» ein strålande konsert. Dekket på båten «Dølen» var scenegolv, fjella var vegger og ein knallblå himmel og strålande sol var taket i konsertlokalet. Og publikummet naut det heile frå båtane sine.

– Dette gjekk over alle forventningar, seier arrangør Helge Otterdal i Honndalsrock 514. Eg hadde vore fornøgd om det kom tre båtar. Folk sola seg, bada og lytta til fantastisk musikk, midt ute på Hornindalsvatnet, på det djupaste punktet. – Dette er ein europasensasjon, smilte han.

– Vi har aldri høyrt om eit liknande arrangement, sa Tore og Aleksander Raftevold. Dei naut musikk og sol frå dekket på båten sin.