Mats Solheim og klubben hans Hammarby har opna sesongen sterkt, og då dei svenske laga gjekk inn i sommarpausen kunne Hammarby ta ferie på tabelltopp, to poeng føre AIK, som har spelt ein kamp meir.

Solheim, som dei siste dagane har vore på treningsleir på Gotland, fortel at der er stor optimisme blant spelarane for augneblinken, og at stemninga i klubben er god.

Fleire endringar

Førre sesong enda dei grøn- og kvitkledde frå Stockholm på 9. plass i Allsvenskan. Etter den sesongen fortalde Solheim at dei no sikta mot å nærme seg toppen, eit mål dei førebels ser ut til å kunne innfri.

– Det har gått veldig bra så langt i år, sjølv om det er tidleg på sesongen enno. Vi har hatt som mål å kome høgare opp på tabellen enn i fjor, så å ligge først til sommarpausen er fantastisk, seier Solheim.

9. plassen i fjor var den beste plasseringa Hammarby har hatt på ti år, men der har likevel skjedd store endringar i klubben sidan sesongen blei avslutta.

– Mykje har skjedd sidan i fjor. Vi har fått inn nye spelarar, ein ny trenar med nye tankar og ein ny måte å spele fotball på. I tillegg til dette har vi ein brei tropp, som gjer at der er stor konkurranse om plassane. Alle er på tå hev heile tida for å behalde plassen sin, eller for å kjempe seg inn på laget, fortel Solheim.

Treningsleir: Dei siste dagane har Hammarby vore på treningsleir på Gotland. I tillegg til to treningskampar kan Solheim fortelje at laget har vore gjennom teambuilding på turen.

Han fortel også om den gode stemninga i laget, og peikar på dette som ein av grunnane til at dei har gjort det så godt så langt denne sesongen.

– Laget er veldig bra samansett. Spelarar kjem og går heile tida, sånn er det i den moderne fotballen, men gruppa som er her no fungerer godt saman og alle respekterer kvarandre.

Ein stor klubb

Sjølv om det er ein stund sidan Hammarby hevda seg heilt i toppen sist så er dette ein av dei store klubbane i Sverige. I Solheim sin første sesong i klubben sette dei ny rekord for gjennomsnittleg tilskodartal i den svenske toppdivisjonen, med over 25.000 tilskodarar i snitt over 15 kampar. Til årets første heimekamp var det 30.220 som møtte opp. Og når han går i Stockholms gater blir han gjerne kjent att.

– Det er stor interesse rundt laget, så når du bur i Stockholm blir du kjent igjen. Sjølv her på Gotland, der vi er på treningsleir no, er folk patriotar og kjenner oss igjen, seier Solheim. Men denne statusen bryr han seg ikkje så mykje om.

– Eg er berre meg sjølv der eg går, og tenkjer ikkje så mykje over oppstyret.

– Stryn må opp

Den gode sesongstarten har lagt grunnlaget for haust-delen av sesongen, og Solheim er positiv med tanke på kva dei kan oppnå i år.

– Med den posisjonen vi har no, så må målet vere å kome heilt i mål, og stå løpet ut. Det er mange kampar igjen, og mykje som må gjerast, men vi har eit godt utgangspunkt med ein klubb som har som ambisjon å kome i toppen, seier han.

Vidare fortel han at hans personlege mål er å spele fotball, og bidra med det han kan for å hjelpe laget med å kome heilt i toppen. Han legg vekt på at der er stor konkurranse om plassane, så ingen er garantert startplass.

Han sender også ei helsing heim til Stryn Fotball.

– Stryn må kome seg opp i OBOS innan eg kjem heim! seier han lattermildt, før han ber Fjordingen om å helse så mykje heim til alle i Stryn Fotball.

Hammarby starta haustsesongen med heimekamp mot Östersund måndag kveld.