Storfilmane står i kø i kulturhuset, og Kåre Bruvoll Alme, som vikarierer som kulturhusleiar dette året, fortel at det vil bli synt filmar for ein kvar smak på kinolerretet i sommar.

Når Alme skal fortelje om kinoprogrammet ein kan tilby denne sommaren, er det særleg ein film han har stor trua på.

– «Mamma Mia: Here We Go Again» er nok den største filmen til sommaren. Dette trur eg blir ein sommarhit, sommarens største slager, seier han.

Musikal-, action- og barnefilmar

Sjølv om musikalen, som er oppfølgjaren til «Mamma Mia», og finn stad ti år etter den originale filmen, kanskje er den største filmen som kjem til sommaren, så er ikkje dette det einaste ein kan sjå fram til.

Mamma Mia: – «Mamma Mia: Here we go again» er nok den største filmen i sommar, seier kulturhusleiar i Stryn, Kåre Bruvoll Alme.

– Vi forsøker å gi eit godt tilbod til Stryn og omegn, og prøver å dekkje dei fleste sjangrar og smakar. Til sommaren har vi mellom anna musikal-, action- og barnefilmar på programmet, seier Alme.

For i tillegg til «Mamma Mia» kan ein sjå fram til actionfilmar som «Skyscraper» og barnefilmane «Hotell Transylvania 3» og «Ulvehunden».

Det er 14 år sidan «De utrolige» hadde premiere, og for dei som har ønska seg meir frå den utrulege familien, så har dei endå meir å glede seg til.

– Sjølv om dette er ein film som eigentleg kanskje er retta mot barn, så trur eg vi vil sjå ein del vaksne her også, som har sett fram til å sjå meir frå «De utrolige» sidan den kom ut for 14 år sidan, seier Alme.

Norgespremierar

Mot slutten av sommaren kan ein sjå fram til ein ny norsk storfilm, då oppfølgjaren til «Bølgen» kjem ut. Skaparane av katastrofefilmen returnerer med «Skjelvet».

Ny katastrofefilm: Oppfølgjaren til «Bølgen», «Skjelvet» kjem på kino mot slutten av sommaren. Denne gangen går handlinga føre seg i Oslo.

Ein vil kunne sjå alle desse filmane samtidig som resten av verda ser dei. Etter at kinoen har vorte digitalisert for nokre år sidan, er ein ikkje lenger avhengige av filmrullar for å syne filmar på kino. Dette opnar for moglegheita til å syne filmane samtidig som resten av verda.

Kaffi, is og bad

Det er ikkje berre kinoopplevingar Alme kan freiste med i sommar. Mange nyttar seg av sjansen til å kome innom og kjøpe seg kaffi og is, medan dei sit i sol og nyt sommaren. Og etter eit par veker med oppussing vil også svømmehallen vere open igjen gjennom sommaren. Det er med andre ord tilbod for alle i kulturhuset i sommar.