Skifertaket på Loen kyrkje hadde fleire lekkasjar som førte til vesentlege skadar på sperrekonstruksjonen, og det vart difor utført reparasjonar i vår.

I økonomiplanen 2018–2021 for Stryn kommune er det løyvd 1.000.000 kroner til takreparasjon. Beløpet er budsjettert for året 2018.

– Då det under arbeidet vart oppdaga alvorlege roteskader på takkonstruksjonen vart arbeidet meir omfattande og prosjektet drog ut i tid. Stryn kyrkjelege fellesråd ber difor kommunen om ei tilleggsløyving på 896.101 kroner, skriv leiar i fellesrådet, Rune Berglid, og prosjektleiar Børre Lian i ein søknad til kommunen.